Hilsen fra Kari og Johne Varland

Hilsen fra Kari og Johne Varland

Hilsen fra Kari og Johne Me kom til Beit Skandinavia natt til 3 Jan.og skulle være voluntører i ein måned. Den måneden nærmar seg nå slutten og det er tid for ettertanke.Me vart tatt veldig godt i mot av Kari og Tor Riska som då var vertskap. Januar plar vara ein roleg månad, men det har skjedd mykje. Me har hatt besøk av ungdom frå fleire land som har opphald på kibbuts. Så fekk me besøk av ei gruppe på 15 kjekke ungdommar frå Danmark som skulle til Tiberias på bibelskule.

 

 

Det har også vore folk frå Finnland, Nederland og Tyskland, så det er tydelig at folk veit om oss. Det å få møte ungdom frå mange land som set pris på ein stad som Beit Skandinavia gjere noke med oss som skal vara her for dei. Det har ikkje berre vore arbeid. Vidar kom ein dag og tok oss med på tur til grensene mot Libanon, Syria og Jordan. Me var også framom dei fyrste farmarane i Galileadistriktet. Ein fin tur med mange inntrykk. Samla så har me fått mange gode minner for livet. No begynne me og blir klar for vinteren i Norge og håper på meir sommervarme neste gong me kjem til Haifa. Kari og Johne Varland.

Powered by Cornerstone