Beit Skandinavia, hausten 2015

Beit Skandinavia, hausten 2015

Endå ein gong fekk me det privilegium å vera husfolk på Beit Skandinavia, det gamle herskapelege huset to steinkast frå Middelhavet, ein passeleg trimtur frå Stella Maris, og nær det yrande folkeliv på promenaden, i Ben Gurion Street eller Hadar. Medan mange kjøper leilighetar i syden, kan me berre spasere rett inn. Seng, mat og husrom står klart, og på toppen av det heile, framifrå kollegaer med Lilly i spissen! Og blant gjestene som er mange og mangslungne, fær me attåt mange gjevande samtaler, også høve til å skjerpe opp engelskkunnskapane, og å knote med blide danskar. Og så er me jo midt i verda, staden der dei store tinga heile tida skjer - og framfor alt har skjedd. Halvannan time frå Jerusalem, ein knapp time frå Tiberias, Migdal og Kapernaum og ei god sabbatsreise frå Nazareth.

Torgny Haglund hadde i høst med seg en arbeidsgjeng, de har gjort en kjempe-innsats på huset. Renovert veggen mot sjøen, beskjært trær i hagen, flislagt bad. Er det flere som har lyst til å bidra ved en senere anledning? Ta kontakt!

 

 

På dei 8 vekene me denne gongen var her, fram til medio november, fekk me også høve til to flotte fotturar. Den eine langs Israel National Trail, frå kibbutz Dan oppe ved Libanongrensa og ned til Genesaretsjøen, den andre i Negevørkenen saman med Anne Berit frå Jerusalem. Israel har jo eit fantastisk nettverk av godt merka turløyper. Og så er me jo så heldige at me kan ta imot besøk av nær familie. I oktober hadde me besøk av ei dotter med familie, i november stakk ein fetter innom eit par dagar.

 

Torgny frå Vennesla har også i år vore her, denne gongen saman med to vener, og rusta opp både inngangsparti, murveggar og eit bad i andre etasje.

 

Marit og Agnar Bratland

 

Powered by Cornerstone