Hilsen fra Marit og Agnar Bratland

Hilsen fra Marit og Agnar Bratland

Så hev me vore samanhengande i Israel og Beit Skandinavia i ti veker. Dei fyrste to saman med Lise og Erik Jalk frå Danmark, resten av tida med Wenche og Odd Berg frå Strai ved Kristiansand. Heldigvis hev også Lilly vore her mesteparten av tida. Ho kom saman med "Steinar svigerson", som rettnok for heimatt etter nokre veker. Og dette hev vore eit heilt fantastisk arbeidslag å få vera del av. Anlegget med hus og hage krev mykje, gjestene er mangslungne og spennande å bli kjent med, og dei fastbuande venene rundt er også med på å prege staden. Men alle brenn for Israel og det jødiske folk, og som det ein gong er sagt, israelsvener er gjenomgåande humørfylde menneske. Det kan me no bekrefte! Blant dei mange som er innom, bidreg også fleire med ulike ting. Nokon reint praktisk, andre med ord for dagen, og nokon held temakveldar. Jan Sandvik hev stillt opp fleire gonger med interessante tema. Og er me i beit, hev alltid Lilly eit på lur.

Fra Dubruvnick farm - et museumsenter fra pionertiden der norske Gunn Marit bor og driver et keramikkverksted. Marit og Agnar Bratland var på tur der sammen med Lilly.

Det hev vore gjevande dagar. Varmt i veret og godt i vatnet. Daglege bad og daglege trimturar opp til Stella Maris, eksotisk grønsakmarked i Hadar og gatekjøken med falaffel like borti gata. Ulike menighetar å velje mellom, frå den karismatiske Kehilat HaCarmel oppe i Isifya, til den meir slik me er vane, Beit Eliahu, ein passeleg spasertur frå "bruket". Her er jo også ei lokal synagoge like borti gata. Og så gjeng det an å leige bil ein dag eller tre når det er stillare på huset, og dra på oppdagingsferd. Israel er jo eit utruleg stort land til å vera så lite. Me hev trivist kjempebra, og leverar med glede stafettpinnen vidare til Synnøve og Magne Daltveit, og Brit og Olav Boegen, og ser fram til å koma nedatt til nye veker i februar og mars. Og så bed me om fred for Jerusalem, og veit at Israels Gud vaktar over land og grenser. Shalom fra Marit og Agnar Bratland

Powered by Cornerstone