"Den fyrste jolenatt på jord,
då sende Gud ein liten bror,
som skulle bli vår frelsarmann.
Så lat oss alle takka Han."
Me gjeng inn i ei jolehøgtid der mange lid. Heile næringslivet i Israel er hardt ramma, mange er på flukt i eige land, mange unge israelske soldatar må bøte med livet i forsvar mot destruktive krefter. Uskuldige born, unge og gamle inne på Gaza lid, og gislane og deira pårørande har det heilt forferdeleg.
Men me som var på Beit Scandinavia er heime att etter angrepet frå Hamas 7. oktober. Linda blei att for å stø IDF med praktisk arbeid gjennom Sar El, og mannen hennar, Egil, fer ned no rett før jol. Fantastisk! Og så er me heldige som har Shaul og Elin, våre 2 nye styremedlemar, B.S. sine lokale representantar i Haifa og Israel. Me som trur at «huset vårt» snart kjem opp og gå att, er takksame for det arbeidet styret og hjelparane i Israel gjer i ei vanskeleg tid. Det me her heime kan gjera, er å vera tydelege, be for dei mange uskuldige offera i denne krigen og spesielt alle gisla som sit fanga i Gaza. Og om fred og vern for Israel, og klokskap for styresmaktene, både i Israel og her heime.
Lilly minte alle så ofte om profetiane i Det Gamle Testamentet, som t.d. Trøyst, trøyst mitt folk, den som velsignar Israel vil eg velsigne, og i deg Israel, skal alle jordas slekter velsignast.
Lilly og Torvald avslutta jolebrevet 1995 slik: «Det bygges og plantes, som profetene har forutsagt, og folkene samles inn, og en dag skal freden bli uten ende over Davids rike og hans kongedømme».
Shalom til alle vener i den store Beit Scandinavia familien
Marit og Agnar